Underskriftskampanjen!
Eg har starta mitt nye prosjekt, noko eg kjem til å jobbe aktivt med framover. Dette vil etter kvart bli godt kjent i media og vi hopar på å nå over 100 000 underskrifter.
Kreftforeininga er ein av dei største bidragsytarane til kreftforskning i Noreg, og Kreftforeininga er heilt avhengig av støtte frå det Norske folk og slike ekstreme prosjekt som eg har gjennomført. Kreft er noko som angår oss alle, direkte eller indirekte, og no får meir enn 25 000 nordmenn diagnosen kvart år, og tala stiger!
Med denne underskriftkampanjen ynskjer eg at regjeringa tar større ansvar og bidreg meir til kreftforskning og nye behandlingsmetodar. Regjeringa satsar for lite på å få gjort noko med denne utviklinga.
Det vil eg og du ha slutt på!
Viss du krev, slik som meg og mange andre, at regjeringa/staten øker satsinga og spesielt at regjeringa/staten bidrar meir til kreftforskning og utvikling av nye behandlingsmetodar, og fyll opp Kreftforeininga si satsing på utprøvande behandling.
Ja, då trykker du på linken under og skriv under namnet ditt. Det er gjort på under 1 min!
1 av 3 får Kreft, Regjeringa må vokne, prioriter Kreftforskning – Underskriftskampanje
Send også linken vidare via facebook, twitter osv.
mvh Christoffer
Share on Facebook
Oslo Grand Prix
Hei alle saman!
No har eg endelig kome heim ifrå turen til Oslo
Det var ei fantastisk oppleving, og det heile var som ein draum
Vi ankom Oslo tirsdag i lunsj tider. Der fekk vi helse på Basse i Kreftforeininga før vi gjekk opp til sjefen sjølv. Anne Lise Ryel er ei utrulig hyggelig dame og eit fantastisk medmenneske, men det er ikkje berre ho som er i Kreftforeininga. Dei fleste er det!
Kreftforeininga har blitt min heim Oslo, og dei som jobber der er ein stor flott familie
Arrangementet Oslo Grand Prix var ein stor suksess! Det var heilt utrulig å sjå norgeseliten og internasjonale profisjonelle syklistar sykle den korte løypa ved Karl Johans gate og nabogatene. Det var eit enormt høgt tempo på borstein og stor underhaldning for alle og ein kvar som var der tirsdags kveld. Vêret var perfekt. Lett overskya, flott temperatur og ei skinnande sol som kom fram av og til. Det var stor jubel og god stemning blant publikum, og det var mange som gav pengar til bøssebærarane
Men eg fekk oppleve mykje meir enn sjølve løpet!
Det første vi var på, etter å ha møtt Anne Lise, Basse og resten av gjengen, var ein spinningkonkurranse. Der skulle eg, Thor Hushovd, Edvald Boasson Hagen, Bjørn Salander (team medlem med Lance Armstrong), Henrik Oftedal (vinner av Norseman), Tom Remman, Marius Skjolden og Marthe Skjolden. Saman med 4 frå publikum sykla vi inn over 115 000 kroner
Det var utrulig artig og eit konge arrangement av Intersport!!!
Etter spinningkonkurransen gjekk vi til hotellet der pressekonferansen skulle vere. Det var utrulig gøy og sitte å sjå på pressekonferansen, og etter på tok vi bilder
Så fekk vi i oss litt mat og deretter var det rett på Oslo Grand Prix! Der overrekte eg sjekken til Anne Lise. Der var to sjekkar
Ein på 350 000 og ein på 433 000 kroner: Totalt 783 000 kroner! MEN!!!! Vi det er berre det som står på kontoen til no, det er framleis nokon beløp som står att. Og viss alle konkurransar går fullt ut, og alt kjem på sin plass har vi nesten 200 000 kroner til
Det vil seie at målet på 1 000 000 er nesten i mål! Men vi kjem til å gjere ein god insats dei siste dagane for at vi akkurat skal nå målet
Etter at eg hadde gitt frå meg sjekkane fekk eg ei overraskelse! Og det var prikken over i’en!
EG FEKK EI LANCE ARMSTRONG SIGNERT LIVESTRONG TRØYE!!!!!
I tillegg fekk eg sykla ei runde saman med gutta
Det var eit eventyr! I tillegg vant Edvald Boasson Hagen, og det skal eg seie dykk: “Det er ein utrulig hyggelig person!”
Etter rittet drog vi tilbake til hotellet, dusja og skiftet kle. Så drog vi på Månefisken på fest saman med alle syklistane og sponsorar osv. Det var utrulig mykje hyggelig folk der og det var ein artig kveld. Spesielt artig var det å snakke med Bjørn Selander. Det var ein kjempe kar og vi kjem til å holde kontakten lenge framover
Dagen etter, onsdagen, holdt eg eit foredrag til Kreftforeininga. Eg skulle eigentlig berre snakke i ein halvtime, men for dei som kjenner meg godt så snakka eg litt lenger enn planlagt. Foredraget blei på 1 time. Vi lo og felte ei tåre eller to, og dei fekk virkelig eit godt innblikk i korfor eg gjorde dette og korleis
Etter ei fantastisk tur til Oslo måtte vi seie adjø, men ikkje farvell. Eg trur at vi kjem til å holde god kontakt framover, noko eg gler meg til
Eg vil også oppfordre lesarane å gå inn på denne nettsiden her:
Eg anbefaler at dykk les om denne jenta og hennar kamp! Og viss du ynskjer så kan du også sette av litt pengar til ho
Takk for denne gang! Eg er ikkje ferdig enda! Så forsett og les i dagane som kjem
mvh Christoffer
Share on Facebook
Dagane etter turen
Hei alle saman
Eg har hørt rykte om at folk framleis er inne på nettsida og les
Det er utrulig artig!
Eg har ikkje ligget på latsida etter at eg kom heim. Det har faktisk vore eit hektisk program:)
På fredag stod eg tidlig opp å pakka sykkelen i bilen og reiste inn i Eresfjorden i Nesset Kommune. Der arrangerte Kurt Asle Arvesen, norsk proff syklist, eit lokalt ritt. Det var utrulig artig å vere med på, og der var mykje folk. Det var veldig spesielt å møte folk som har hjulpet meg undervegs, og det var spesielt artig når Kurt Asle ropte meg opp slik at eg fekk fortelje om kva eg hadde gjort. Eg hadde tatt med meg bøsse og det var mange som gav
Etter at eg var ferdig på rittet satte eg meg i bilen og køyrde til Gardermoen. Der fekk eg endelig sjå at Lotta mi <3 Charlotte, kjærasten min, kom akkurat heim frå Tyrkia og skulle tilbringe den neste veka på Norway Cup:)
På Norway Cup fekk eg endelig møte Vegard Hansen. Vegard jobbar som sponsorsjef i Coop, og dei var samarbeidspartnar for turen og ein av hovudsponsorane for Norway Cup. Vi hadde det utrulig moro saman, og Vegard er virkelig ein kjempe kar
Eg stor kosa meg på Norway Cup. Det blei vel min lille ferie
Eg dro heim att på tirsdagen, men før eg dro var eg på besøk hos Kreftforeninga. Det var spesielt å møte heile gjengen. Vi spiste lunsj medan eg fortalte om turen. Eg blei svært godt motatt og det var utrulig hyggelig å møte dei. Vi snakka også om Oslo Grand Prix (skal fortelje om det litt seinare i teksta) og planane for det arrangementet.
Så drog eg tilbake til Ekebergsletta og såg Charlotte spele fotball. Etter kampen sette eg meg i bilen og køyrde heim. Litt artig å køyre bil no for tida. Det er svært uvant å komme seg over store distansar på svært kort tid
Når eg kom heim på onsdagen, slappa eg av saman med familie. Det var godt å komme heim til systera mi
Så dagane heilt fram til fredag var svært rolige og avslappande.
På laurdagen drog familien ut i Kvalsvika. Der hadde grendalaget arrangert Kvalsvikdagen. Der var mykje folk, god stemning, mykje underhaldning og fint vêr. Eg tok fatt i sykkelen og sykla ut:) Det var ein flott tur!
Då vi kom ut fekk eg overrekt ein sjekk frå Grendalaget i Kvalsvika. Dei gav 1 000 kr til Norge Rundt for Kreftsaka. Det var uventa, men samstundes veldig artig. Det står svært stor respekt av det grendalaget gjorde. Tenk viss alle grendalag i heile Noreg gjorde slik som dei
Og i dag reiste vi til Ørsta. Der skulle eg vere med på eit sykkelritt. Ørstarittet er ei svært kuppertløype med utrulig mykje fin natur. Løypa er ca.105 km lang og har 4 harde bakkar. Dei fleste fekk verkelig køyrd seg i dag, blant dei var eg. Eg er heilt utslitt, men det var utrulig artig
Ørsta sykkelklubb har gjort ein fenomenal jobb. Dei hadde ikkje berre bestilt rett vêr, men dei hadde også markert løypa veldig godt. Sjølv om det var svært billig startkontigent valde Ørsta sykkelklubb og gi 1 000 kroner til Norge Rundt for Kreftsaka. Og vi hadde med bøssene i dag også, og det var masse folk som gav
Det er artig og sykle lokale ritt igjen
Håpar at det kjem fleire ut sesongen
No skal eg fortelje litt om kva eg skal gjer dei neste dagane.
På tirsdag reiser eg, mamma og pappa ned til Oslo for å vere med på Oslo Grand Prix. Det er eit internasjonalt sykkelritt som blir arrangert i Oslo sine gater og er eit samarbeid mellom NCF og Kreftforeininga. Her stiller Thor Hushovd, Kurt Asle Arvesen, Edvald Boasson Hagen, Andy Schleck, Hesjedal og mange fleire.
Før dette rittet får eg tilbringe mykje tid saman med Kreftforeininga og kanskje mange av dei internasjonale sykkelheltane. Det blir fullt show!
Under dette rittet, som blir direktesendt på nrk på tirdags kvelden i 7 tida, skal eg overlevere sjekken til Kreftforeninga. Det blir spennande å sjå om vi når millionen. Vi trudde at den var nådd, men vi har rekna litt feil og er derfor berre nokon tusen kroner i frå målet
Håpar at folk forsetter å sende inn pengar! Det går til ei viktig og god sak! Eg håpar også at folk går inn å skrivunder på underskriftskampanjen (det er gjort på 3 min, heilt smertefritt)
Følg med på Oslo Grand Prix, Tirsdag kl 19.00 og utover på NRK
Eller ta turen ned i Oslo Sentrum og sjå Tour de France gutta i full action
Dagen der på…
Eg har alltid høyrt at dagen der på er den værste, men ikkje i dette tilfelle
Det var nydelig å komme heim
ein lettelse, men samtundes uvirkelig og rart! Det har vore mange dagar på sykkelen, og eg har venta lenge på gårsdagen. Det er ubeskrivelig å tenke tanken på at turen er over! eller er den det…?
Tankane har ikkje fått samla seg enda, og gårsdagen føltes ut som ein “ut av kroppen” opplevelse
Eg flaug på ei rosa sky og hugsar ikkje alle detaljar. Det var mykje tankar som surret rundt i hovudet. Då eg skulle snakke i mikrofonen på scena var eg tom for ord…
Med denne turen ville eg engasjere så mange som mulig, og det har eg gjort
Det var meir folk enn forventa i Fosnavåg i går
Eg er rørt, og eg sitter med tårer i augo her eg sitt og skriv. Eg trur ikkje eg heilt er klar over kva eg har satt i gang, kva eg eigentlig har gjort og kva eg har oppnådd!
Men husk! Eg kunne aldri ha klart dette uten hjelp frå dykk! Familie, vennar, lokale bedrifter, nasjonale bedrifter, privat personar, Herøy Kommune, TV 2 osv. Det er så omfattande at eg veit ikkje om eg huskar alle!
Tusen Takk skal alle ha
Det blir utrulig spennande å sjå om vi har nådd innsamlingsmålet, men eg vil berre gjere dykk oppmerksom på at det er ikkje for seint å sette inn pengar
kontoane vil stå opne i lang tid framover, og eg kjem ikkje til å slutte å skrive her
Det er framleis mykje som står att
I morgon reiser eg til Eresfjorden å blir med på Eresfjord Classic
Eg tar sjølvsagt med ei bøsse
Det blir artig
I dag satt eg å tenkte på at det føles ikkje ut som at turen/prosjektet er over, og det betyr vel at det ikkje er over enda
Det er ein ting til som må på plass!
Kreftforeininga står for 75 % av midlane som blir gitt til Kreftforskning i Noreg. I tillegg er det andre organisasjonar som gir, noko som betyr at Staten gir under 20 %!!! Det er ein skam at det ikkje blir prioritert! Det finst ikkje nokon sjukdomar som tar meir liv og rammar så mange som Kreft! Ikkje berre her i landet, men over heile verda! 8 millionar døyr kvart år! 1/3 vil få diagnosen! 25 000 nordmenn får diagnosen kvart år, og tala stiger! (PS: mange av dei kreftramma er barn og unge)
Noreg er eit av verdast rikaste land, og vi har nok pengar. Staten har massevis med pengar! Er det ikkje slike ting oljefondet er til for? Uannsett vil forskning føre til bedre behandlingmetodar og/eller ein kur! Det vil føre til at sjukehusutgiftene blir lågare, noko som vil lønne seg på sikt! Ikkje berre økonomisk, men også helsemessig
Det vil redde millionar av liv!
Så kva kan eg gjere for å forandre på dette? Eg har tenkt, og den beste måten er ikkje å sykle ei runde til, men å starte ein underskriftskampanje! No skal eg bruke politikk folkens
Viss over 100 000++ personar skriv under, vil ikkje den norske stat eller regjeringa ha så mykje dei skulle ha sagt! Vi leve i eit demokratisk land for svingande
Og er det ein ting eg har lært på skulen så er det at Demokrati er saman sett av orda “Demos” som tyder Folket, og “Kratos” som tyder makt! Dvs. Folkemakt! Vi er staten, saman er vi sterke
Denne underskriftskampanjen startar frå og med i dag, og vil i starten føregå over internett!
Følg med vidare folkens:) Kampen er enda ikkje over frå mi side!!!
mvh Christoffer
Share on Facebook
Dag 40 – Takk skal alle saman ha :)
Hei, i dag vel eg å skrive tidlig på nettsida.
Grunnen til det er at eg tvilar på at eg får tid til å skrive når eg kjem heim
I starten vil eg fortelje det som skal skje i dag
I dag startar eg kl 12.00 frå Shell på Sjøholt og der ifrå satsar vi å ta hall 3 ferja slik at vi er på Hareid klokka 15.00. Vi satsar på å bruke god tid frå Hareid til Fosnavåg og reknar med å vere i Fosnavåg seinast 17.30
Det blir stilt opp postar på Hareid, Pekas og på Lanternen Marina. Der kan syklistar hive seg på, men det kostar 50 kr å delta
Alle kroner går direkte i kassa
Eg håpar at så mange som mulig stiller opp ut i Fosnavåg i 5-tida i dag
Og til dei som vil, kan dei ta med Norskeflagg
Vi sjåast
Dag 39!
Eg synes det er litt rart at i morgon er sykkelturen over.
Det har vore ein fantastisk reise, og eg har lært mykje, sett mykje og tenkt ein god del
Eg har møtt mange fantastiske mennesker og høyrt deira historie og opplevelsar pga. kreftsjukdommen.
Eg har høyrt mange triste historier, men også mange med ein lykkelig slutt
Det har vore ein eventyrlig reise! Rett og slett
Eg kan ikkje sette ord på den opplevelsen eg har hatt. Dette prosjektet har gitt med mykje erfaring innanfor ei rekke felt
Men over til dagens etappe
I dag fekk eg hjelp frå Nesset CK Elite (Godgutta). Vi hadde det utrulig artig, og det gjekk fort til Molde
Då vi nærma oss Molde møtte eg på nokon kjente. Då møtte vi Ingunn Omnås og ungane Johannes Remøy (12) og Ingeborg Remøy (9). Ho Ingeborg og ei venninde hadde svært lyst til å gjere noko for Kreftsaka, og det gjorde dei
Dei selde vafler for 430 kr! Det synes eg er utrulig stort, og flott gjort av to unge jenter
Eg kom tidlig til Sjøholt kl 14.00, og då fekk vi gratis middag på kafeen Systra. Der var det veldig god bacalao
Etter på drog vi opp til Sjøholt Camping og fekk, for siste gong, gratis overnatting
Resten av dagen har eg vaska sykkel, fått besøk av Tonje Skjong, hr. og fru Knotten som kom med Valldals jordbær og Frank Sekkesæter frå Tv 2
Men folkens! No har eg sykla Norge rundt og saman med mange av dokke har vi klart å samla inn over 700 000 kr. Eg veit at det er mange tusen som er innom sida mi kvar dag og eg oppfordrar ALLE om å sette inn nokre kroner kvar. Og då klarar vi målet på 1 000 000 saman, for det er når vi står saman at vi er sterke!
I morgon startar eg frå Shell på Sjøholt kl. 12.00, og vi er på Hareid kl. 15.00
Håpar at så mange som råd kan bli med på sjarmøretappa heim
mvh Christoffer Endresen
Share on Facebook
Dag 38!
Dagens oppdatering!
Hei alle saman
No har vi kome til dag 38, og det er berre 2 dagar igjen
I dag drog vi frå Oppdal mot Eidsvåg. Og det var 4 karar som stilte opp ved Domus i Oppdal. Det var Asbjørn, Ole Andreas, Erik Jordal og Oddvar. Det såg ut til å bli dårlig vêr, men vêret blei perfekt for sykling.
Det gjekk fort frå Oppdal til Sunndalsøyra. Vi hadde medvind og nesten berre nedoverbakkar. Vidare frå Sunndaløyra sykla eg solo til Eidsvågen. Det gjekk også fort, så dagen i dag var uvanlig kort.
Etter å ha nådd dagens mål køyrde vi inn i Eresfjorden for å treffe nokon vennar
Vi fekk stå utanfor huset til Hilde og Ola, og eg fekk treffe att Vegard Ø. Lied og familien. Det var stas, og det er alt for lenge sidan eg har vore i Eresfjorden.
Eg å Vegard satt lenge å prata, og etter kvart kom eg i snakk med faren til Vegard. Han har vore med på å utvikla eit kosttilskudd basert på fisk. Det har hatt ein utrulig god respons på restitusjonen og yteevna til idretts utøvarar. Eg fekk 2 pakkar av faren til Vegard, og det blir spanande å prøve. Dette har eg trua på
Vil du vite meir om produktet? Gå inn på denne siden
Resten av dagen har vi grilla og kosa oss i Eresfjorden
Det skal bli godt å komme heim
Men i dag har eg ei masse gladmeldingar!!!!
Overskotet frå familiesamlinga som familien min hadde går til prosjektet, og det var på ca. 4 000 kr
Thor Hushovd og Cervelo laget hadde eit sykkelløp i Grimstad, og overskotet skulle gå til Kreftsaka, men gjennom prosjektet mitt
Det synes eg er kjempe artig, og vi nærmar oss målet på 1 000 000
I morgon startar eg frå Shell i Eidsvågen klokka 9.00
Håpar at så mange frå Nesset CK som mulig blir med å syklar til Molde i morgon
Dag 37 – 3 dagar igjen :)
Ja, her teller vi ned
I dag hadde eg kviledag i Oppdal
Det gjorde godt med ein kviledag, det kan eg ærlig innrømme
men kviledagane er ikkje berre berre. På kviledagane så reagere kroppen på at eg ikkje er i aktivitet, noko som gjer at eg blir slapp og får hovudverk.
I dag har det vore ein aktiv dag, vi har nesten ikkje vore på hytta som har fått låne av EigendomsMegler 1 her i Oppdal. For vi fekk telefon i frå ein syklist som ville møte meg nede ved Oppdal sentrum og han ville gjerne sykle saman med meg i morgon. Så vi drog ned til Oppdal for å helse på han, og vi skulle også få oss mat.
Det som var så artig var at syklisten som vi skulle møte var Asbjørn Hole frå Ulstein og Omegn Sykkelklubb (heimklubben). Det var utrulig artig å møte han og sonen, Stig Hole.
Etter å ha spist ein utrulig god middag på Domus Kafeen i Oppdal (som vi fekk gratis), drog vi opp til hytta der Asbjørn og Stig budde. Der fekk vi brus, nøtter, vafler osv. I tillegg såg vi på Tour de France
Det var skikkelig artig
Etter at vi var ferdig der, drog vi til Jan Ove og Ragna Henriksen, saman med Mette og familien. Der kosa vi oss med vafler, lefser, is og mykje meir. Det var virkelig koselig
Det har vore ein kjempe dag
Og vi har virkelig kosa oss her på Oppdal
I morgon starter eg, Asbjørn og Ole Andreas frå Domus klokka 09.00
Takk for i dag
Dag 36 – no nærmar det seg innspurten :)
Hei alle saman
Beklager at dagens oppdatering kjem so seint, men eg har vore på webcam møte med heile slekta på farfar sida
Men over til dagens etappe
Eg starta frå Levanger, nærmare sagt frå huset til Lars Ivar og Brit
Eg sov utrulig godt i natt, det var deilig å sove i ei vanlig seng
Og eg vakna opp til ein god frukost
Vi hadde det kjempe artig saman med heile familien, og det var veldig spesielt for meg å få vere saman med dei
Det dei gjorde var verdt heile turen!
Eg kosa meg virkelig saman med alle gutta
Det var ein kjempe gjeng
Før frukosten kom Lars Ivar med ei 30 år gamal champagne flaske
Den hadde han arva av far sin, og han ville gi den til meg
Den vil eg ta godt vare på og spare til eit stort augoblikk
Det spørs om eg tør å opne den
Då klokka var rundt 9.00 drog eg, Lars Ivar og Bendik ut på tur
Lars Ivar losa meg fram til vegen slik at eg sjølv kunne ta over roret
Det gjekk radikt gjennom Trondheim med musikk på øyra
Og då eg kom til Lundamo møtte eg 4 syklistar frå Oppdal
Dei følgde meg heile vegen til Oppdal
Ein kjempe gjeng å ha med seg på tur
Dei som følgde meg var Ragna Henriksen, Jan Ove Henriksen, Ole Andreas Flotten og Espen Eriksen
I tillegg var mor til Ole Andreas, Mette Flotten, sjåfør
Folket i Oppdal har stor giver glede
SykkelEneren er eit stort lokalt/nasjonalt seedingritt til Birkebeineren som går her i Oppdal. Dei støtta prosjektet med 1 000 kr
Oppdal Sykkelklubb gav også 1 000 kr til prosjektet
Og Intersport Oppdal gav også 1 000 kr
I tillegg gav Intersport Oppdal gode rabattar på utstyr til sykkel o.l.
Men dei stoppa ikkje der! For ein av syklistane jobba i Sparebank 1 SMN. Dei valgde å sponse prosjektet med 5 000 kr! I tillegg fekk eg, mamma og pappa bu på hytta deira i Oppdal
Ei virkelig flott hytte, og her kosar vi oss
I morgon skal eg ha kviledag, og då skal eg slappe heilt av
No er det berre 3 etappar, under 100 km, som står att
Det skal bli godt å komme heim!
Tusen takk til alle som har gjort denne dagen om til ein fantastisk dag!
(PS: eg reknar med å stille til start på SykkelEnern 7. august her i Oppdal )
mvh Christoffer
Share on Facebook
Dag 35 – berre 5 dagar igjen!!!
Ja, no nærmar det seg slutten på turen
Det er slutten på dag 5, og på søndagen er det kviledag
Det er ikkje lenge igjen
I dag har eg hatt fylje så og sei heile dagen
Då eg kom til Grong møtte eg Odd Arne Beisvåg
Han har sjølv opplevd kreft, men har verkelig komt seg på beina igjen
Han var hjelperyttar frå Grong til Steinkjer, og vi hadde oss ein flott samtale og ein kjempe sykkeltur
Frå Steinkjer til Stiklestad sykla eg aleine, men då eg kom til Stiklestad fekk eg følge av ein ung gutt som også har opplevd kreft. Han fekk ALL (Leukemi) då han var 5 år gamal, men han er ein tøffing og har vunne kampen mot kreft
Han sykla saman med meg til Verdal og vi hadde ein flott tur saman
Då vi kom til YX på Verdal møtte vi Brit Gorset m.fam
Saman med meg frå YX i Verdal sykla Lars Petter (13 år) og Lars Ivar Aarskog. Seinare hoppa Roald Stene, Sander (11 år) og Bendik (9 år) på og blei med
Det var utrulig kjekt å ha dei med, og vi blei invitert heim til dei. Der har vi verkelig kosa oss i kveld. Vi har spist Taco, sett Tour de France og herja litt med gutan. Lars Petter og Bendik har ein liten bror, Simen (6 år). Simen har også ALL (Leukemi). Han er ikkje ferdig med behandlinga, men han har kommet seg
Han er full av energi og i virkelig godt humør
Og han tullar og tøysar med brørne sine, og dei tullar med han
Dei har virkelig god kjemi
Men no skal eg legge meg, og i morgon går turen vidare til Oppdal og der skal eg ha kviledag
Til slutt vil eg takke
- Odd Arne Beisvåg
- Preben og mamma Unni Haugdal
- Lars Ivar Aarskog, Brit Gorset, Lars Petter, Bendik og Simen,
- Roald Stene, Siv Stene, Sander og Even
- Elman AS i Verdal som sponset diesel på bobilen
God natt









