Historien
Statestikken fortel at Kreftsjukdom rammar 1/3 av Noregs befolkning, det vil seie at nesten 1.500.000 nordmenn vil få ei eller anna form for kreft. Men alle av oss kjenner nokon som har kreft eller har gått bort på grunn av kreft og eg er ein av dei mange som har opplevd å miste nære familiemedlemmar. I mars 2009 mista eg min bestefar og beste ven og berre ein månad seinare mista eg ein kjær onkel. Dette tok eg svært tungt, ja faktisk så vart eg så ”deppa” at eg måtte stå over eksamen på Gymnaset.
Det tok ei stund før eg kom meg på beina igjen og fekk att lysta til å ta opp lekselesing, sykling og andre interesser. Gjennom denne prosessen starta eg med å sette meg stadig nye mål og eg bestemte meg for å sette meg eit stort mål som eg skulle gjennomføre. Og det målet skulle være noko som ingen hadde gjort før og det skulle ikkje vere eit egoistisk mål. Det skulle vere eit mål som gav inspirasjon og glede til både meg sjølv og til andre.
Så før eg hadde sjekka ut distansen på kartet, så sette eg meg det målet å sykle Noreg rundt for Kreftforeininga. Då eg fortalte om målet mitt på Facebook, tok det ikkje lang tid før eg hadde meir enn 5000 personar som støtta meg og då var det berre å stå på vidare. I dag har støttegruppa vokse til 6500 personar.
Sidan den gong har eg jobba aktivt med å planlegge turen og her er planen:
19. juni
Laurdag 19. juni, under Fosnavåg Maritime Sommardagar startar turen frå Fosnavåg sentrum. Eg kjem til å sykle ca. 15-20 mil for dag, avhengig av vær og om det er folk som syklar saman med meg.
Det er berre eg som skal sykle Noreg Rundt. Turen er svært lang, eg har sendt ut invitasjonar til alle sykkelklubbane i Norge om å være med eit stykke på veg og eg håpar også at bedriftene som støttar meg, vil være med sykle eit stykke på vegen. Det er noko eg ville ha sett stor pris på.
TV 2 Sporten og Tour de France
TV 2 vil være med på turen og dei har sagt seg villig til å lage 4-5 reportasjar som vil visast under TV2 sine Tour de France sendingar i Juli, som har svært mange sjåarar. I tillegg vil dei lage til ei underside på TV 2 Sporten sine nettsider der det blir vist eit kart over kvar eg opphelde meg til ei kvar tid og eit barometer som viser kor mykje som har blitt samla inn, samt link til eiga nettside der eg vil blogge med tekst og video.
Reiseruta:
Dag 1. Start den 19. juni kl. 12.00 i frå Fosnavåg sentrum, stopp på Nordfjordeid.
Dag 2. 20 Juni. Start på Nordfjoreid, via Førde og stopp på Oppedal.
Dag 3. 21 Juni. Start på Oppedal, gjennom Bergen, stopp på Valevåg.
Dag 4. 22 Juni. Start på Valevåg, gjennom Stavanger, Sandnes og stoppar i Egersund.
Dag 5. 23 Juni. Start i Egersund. Stopp på Lindesnes fyr.
Dag 6. 24 Juni. Kviledag
Dag 7. 25 Juni. Start på Lindesnes, Kristiansand, Grimstad og Arendal. Stopp i Tvedestrand.
Dag 8. 26 Juni. Start i Tvedestrand, til Porsgrunn, Skien. Stopp på Kongsberg
Dag 9. 27 Juni. Start i Kongsberg, via Hønefoss, Stopp Gjøvik.
Dag 10. 28 Juni. Start i Gjøvik gjennom Lillehammer, Ringebu og Kvam. Stopp på Otta.
Dag 11. 29 Juni. Start på Otta til Dombås og vidare over Dovrefjell. Stopp Oppdal.
Dag 12. 30 Juni. Start på Oppdal, gjennom Trondheim, til Levanger.
Dag 13. 1 Juli. Kviledag
Dag 14. 2 Juli. Frå Levanger, gjennom Steinkjer, langs Snåsavatnet. Stopp Namsskogan
Dag 15. 3 Juli. Frå Namsskogan. Stopp Mosjøen.
Dag 16. 4 Juli. Frå Mosjøen, gjennom Mo i Rana. Stopp Storforshei.
Dag 17. 5 Juli. Frå Storforshei, Stopp Rognan.
Dag 18. 6 Juli. Frå Rognan, gjennom Fauske til ferjekaia på Bognes og tar ferja over og stansar for natta.
Dag 19. 7 Juli. Kviledag
Dag 20. 8 Juli. Frå Skarberget, gjennom Narvik, Stopp Setermoen.
Dag 21. 9 Juli. Frå Setermoen, Stopp Skibotn.
Dag 22. 10 Juli. Frå Skibotn. Stopp Burfjord
Dag 23. 11 Juli. Burfjord, gjennom Alta. Stopp midten av Finnmarksvidda.
Dag 24. 12 Juli. Frå Finnmarksvidda, Honningsvåg. Stopp på Nordkapp (Jippy)
Dag 25. 13 Juli. Kviledag på Nordkapp
Dag 26 – 38 14 – 26 Juli. vil gå same ruta ned til Oppdal, der eg legg inn 2 kviledagar. Den siste på Oppdal.
Dag 39. 27 Juli. Frå Oppdal, gjennom Sunndalsøyra og Eidsvåg (der Kurt Asle Arvesen kjem frå) og vidare til Molde. Ferge frå Molde.
Dag 40. 28 Juli. Siste etappe (i følge planen) frå Molde til Fosnavåg.
Vel heime i Fosnavåg så har eg sykla nesten 5307 kilometer og då er eg sikkert vel nøgd med sykling for ei stund.
1 million kroner er målet!!
Undervegs har ideen utvikla seg vidare til å bli eit prosjekt som vart så mykje større enn eg trudde.
På turen vil eg samle inn pengar til Kreftforeininga og pengane vil gå til årets ”Krafttak mot Kreft” aksjon. Eg treng derfor all god hjelp.
Eg vil ha med meg både store og små bedrifter og privat personar, store og små summar og så mange som mulig, fordi det er sluttsummen som tel. Ved å sponse eller gi ei gåve til denne turen vil vi gi kreftsjuke pasientar eit nytt håp og vil kanskje kunne vere med på å redde eit liv eller fleire. Det er uansett verdt innsatsen.
Målet mitt er å samle inn eit nettobeløp på 1 million kroner. Om eg klarer det, veit eg ikkje, men det er uansett eit mål som eg gjerne vil nå! Klarar eg ikkje å nå det målet, så har eg i alle fall prøvd og klarar eg meir, vel då får kreftforeininga meir midlar som dei kan nytte til forsking.










God tur,dette er imponerande.Lykke til
Imponerende! Lykke til.
Stå på!
Ønsker deg lykke til. Det er ambisiøse mål du har satt. Både i forhold til syklingen og pengeinnsamlingen. Håper virkelig du lykkes. Stå på!
En flott bragd det står respekt av og en god sak. Stå på
Du er et bevis på at det meste går! En fantastisk jobb for Kreftforeningen og kreftsaken! Er utrolig brgd av en sterk gutt!
Dette er noe av tøffeste jeg noen gang har hørt om. Først og fremst lykke til på ferden. Måtte all hell og lykke følge deg og familien i fremtiden.
Jeg legger ut en link på bloggen min om TDF!
Rune Stokken
Dette er et kjempetiltak! Fantastisk initiativ
Kjempetiltak! Du imponera meg sterkt, det er heilt uforståelig at nokon skal klare å gjennomføre noko sånt, men du er absolutt på god veg. Har ei søster som hadde nyrekreft som barn, no er ho heilt frisk og det er vi utrulig glade for. men fleire andre i slekta har mista livet i kampen mot kreften, og det du gjer for kreftsaka er berre heilt utrulig. Stå på, du imponerar stort:-) Kjempemasse lykke til, og god tur heimover:):)
Hei Cristoffer.
En utrolig greie du gjennomfører for kreftsaken.!
Thor Hushovds lag, Plussbank Cervélo, har i helgen gjennomført en aksjon for kreftsaken sammen med Intersport i Grimstad, hvor vi har valgt å gi de innsamlede pengene til din innsamling. Resultatet er ikke klart ennå, men bare selve syklinga innbrakte over 15.000,-, og det er noe sponsorer også. pengene vil bli overført en av de nærmeste dagene. Både laget og Thor er stolte av det du gjør, og vi ønsker deg lykke til med avslutningen. Som du sikkert vet, er Thor selv ambassadør for kreftforeningen, og skal også i år arrangere showritt for krftsaken I Oslo tirsdag 10/8 kl. 19.
Hilsen
Plussbank Cervélo
v/Erik Mørland